Kven kjem til torgs?
Her presenterer dei seg og varene sine, dei som kjem på marknaden på Fruktbare dagar, laurdag 30. september.
Arlene Singdahlsen
Borgund Vedovnsbakeri
Matias Askvik tryllar fram dei lekraste brød og bakevarer frå vedovnen sin i bakstekjellaren på Borgund i Lærdal.
Produkt: Surdeigsbrød og anna bakst.
Brito Spekemat
Produkt: Spekemat, syltetøy, honning.
Erling Røysum Sport 1
Produkt: Sportsklede og sko
Frydenbø Bilsenter Sogndal
Sogndal sin største bilforhandlar med merke som Volvo, VW, Nissan, Maxus og BYD.
Grete Hamre
Produkt: eple - økologisk raud Aroma
Gullbia
Heidi Eiken og Anne Sigrid Skjerdal sine bier lagar deilig honning frå lokale frukthagar på Gjerde, Grinde, Fosshaga, Halland, Lomelde og Lunden.
Produkt: Honning.
Handarbeidslaget Sans og Samling
Produkt: Husflid og handarbeid.
Henjatunet Eggjagarden
Produkt: Eplesaft av eigne eple.
Håjen Lefsebakeri
Håjen lefsebakeri held til i Naustdal i Sunnfjord. Tradisjonsbakst på takke. Syltetøy og gelé av bær og frukt frå hagen og skogen i nærområdet.
Produkt: Lefser, flatbrød, potetkaker, natronkaker, syltetøy og gele, knekkebrød.
Isabella Labarca
Produkt: økologisk badesalt, m.a. med lavendel frå Lærdal
Johanne Malene Teigen
Johanne stiller ut grafikk, akrylmåleri og diverse anna i RiverDal-kafeen i Saften både fredag (kl. 14-19) og laurdag (kl. 9-15).
Keipen Lokalmat
Røyking av laks har lange tradisjonar her i Sogn. Me gjer det på gamlemåten. Me tørrsaltar før me kaldrøykjer og slik får me ein god balanse mellom det reine, salte og røykte. Visste du at det tek over hundre timar å lage røykelaksen me sel?
Produkt: Med oss frå Balestrand til Leikanger har me både røykt aure og laks.
Knut Eggum
Knut sine kubar står på Eggja. Biene flyg ned på Hamre, Fosshagen og Fosse og på blomsterengene på Eggja, og sankar nektar frå ei mengd ulike blomar. Honningen er tatt frå kubane i slutten av juni, og slutten av juli i år. Dette er sommarhonning av beste sort!
Produkt: Honning
Leikanger Jakt- og Fiskelag og Osland AS
Gratis smaksprøver av grilla fisk og vilt
Lærdal Torg
Produkt: Grønsaker og poteter.
Magne Opthun
Produkt: Eple og eplemost.
Marianns kransekaker
Mariann har med seg deilige kransekakeringar i pose:
1 kg for 250kr, 1/2 kg for 140kr, og 250 gr for 80kr
Kakene er Glutenfri!
Velkommen for en hyggelig handel
Marås Hjort
Produkt: Spekepølser og hjortekabonadar.
Njøsagarden Kvaole
Produkt: Geiteskinn og kasjmirgarn, spekepølse av geit.
Norane Fruktgard / Sognamost
Produkt: Sognamost.
Selseng Gardsysteri
Produkt: Kvit og brun geitost, og salatost.
Smedegaard Smithing
På vakre Hafslo i Luster kommune produser Even Kvåle Sanden håndlaga smedprodukter av stor diversitet. Alt blir håndlaga og skapt med lidenskap, og ein kvar gjenstand vil vere heilt unik!
Produkt: Diverse verktøy som knivar, hammarar og liknande. Ulike typar krokar og knaggar til vegg. Pyntegjenstandar som smykker og ringar. Det blir også stilt ut dreia fat, skåler og figurar i tre, som er fine dekorasjonar til hus og hytte.
I tillegg blir det framvisning av smia og enkel produksjon.
Sognefjord Hotel
Produkt: Røykeaure, popcorn, baconchips, oktoberfestklede og billettar til Oktoberfesten.
Stigagarden
Kristin Vee og Sverre Davidsen bur på Stigagarden på Åberge i Sogndal.
Produkt: Skinn og garn frå eigne sauer (Gamalnorsk spelsau).
Garnet heiter Stigagarn og vert også solgt på Husfliden på Lillehammer. Har med nokre produkt som er laga av garnet. SaueskinnPlakatHusfliden.docx
Sjå meir på nettsida deira og Instagram.
Stine Steig
Produkt: Heimasydde dokkleklede, småvesker, makramearmband, akvarellmaleri, m.m.
Synnøve Fretheim
Synnøve kan kunsten å bake lefser!
Produkt: Sunnfjordlefse og lefsekling.
Syrstrand Gartneri / Hageland Leikanger
Produkt: Blomar, jus.
Tupperware
Cecilie Sørlie kjem med Tupperware-produkt.
Ho har også ei Facebook-gruppe som ein kan verte med i, og kan nås på telefonnr 95 779 779 for bestilling andre dagar enn marknadslaurdagen.
Veitastrond Gardsysteri
Veitastrond Gardsysteri held til på Veitastrond i Luster, og lagar geitost frå eiga mjølk.
På Fruktbare dagar kjem me med brun geitost, kardemommeost og prim, i tillegg til kjøt frå eigne kje. Kjøtet er frose og er pakka i lår, bog og sider.
Vikja
Produkt: Spekemat, kjøtvarer, skinn - økologisk.
VoV Smykker
Turid Vikøren er ein utflytta systrending som produserer handlaga sølvsmykke.
"VoV" står for "Ven og Varig": Smykkene skal gjera deg ven og få deg til å "skina litt ekstra". Det er også viktig at dei er varige: dei er laga av edelt metall og kan vølast (reparerast) om dei blir øydelagde - eller dei kan redesignast dersom du ynskjer noko nytt.
Sjå eksempel på smykka på vovsmykker.epla.no
Yada Thaimat
No er vårrullene proppfulle med lokale grønnsaker!
Sjå meir info på nettsida deira, Facebook og Instagram
Øksdalssyssel
Mona Øksdal
Produkt: Hekla produkt, øyredobber og smykke som er handlaga, hekla babyprodukt m.m.