Smaken av vin og ost frå Sogn
Bli med på ein kveld der vi utforskar det spennande møtet mellom tradisjonsrik geitost frå Aurland og vin frå verdas nordlegaste vindistrikt langs Sognefjorden
Gode smakar frå Bjørn frå Slinde vingard, Leif Inge frå Baldervoll frukt- og vingard og Anne Karin frå Skjerdal Stølsysteri. Foto: Roar Werner Vangsnes.
🍷 Slinde vingard 🍇 Baldervoll frukt- og vingard 🐐 Skjerdal Stølsysteri
Det blir forteljingar frå produsentane, gode smakar i glaset og på fatet – og høve til å bli betre kjend med dei lokale råvarene og menneska bak.
📍 Leikanger Fjord Hotel
📅 Fredag 2. oktober 2026
🕖 Kl. 20.00–22.00
💰 Pris: 350 kr per person
Velkomen til ein smakfull kveld i regi av Fruktbare dagar på Leikanger.
👉 Meld deg på til leikangerfjordhotel@unikehoteller.no
– talet på plassar er avgrensa!