Reisebrev frå Ribe
Tre utsendingar frå Leikanger har vore på venskapsbybesøk til Ribe i Danmark
Denne, og andre saker om venskapsbyane våre vert samla på ei eiga side.
Bakgrunn for turen
Gamle Leikanger kommune hadde frå 1948 venskapssamarbeid, først med Ribe kommune i Danmark og etter kort tid også med Strängnäs kommune i Sverige. Samarbeidet har over åra variert noko i omfang og frekvens. Det har vore utveksling/besøk begge vegar av skuleklassar, korps, enkeltgrupper m.m. både til og frå Ribe og Strängnäs.
Dei seinare åra har det vore liten og ingen aktivitet. Etter at Leikanger kommune vart slegen saman med Balestrand og Sogndal kommunar, har det ikkje vore gjort noko for å vidareføre samarbeidet. Sogndal kommune har ikkje teke initiativ til å avklåre eventuell vidareføring av dei vennskapssamarbeida som dei tidlegare kommunane har hatt før samanslåinga.
Systrendingen Bjørn Sølsnes har på privat initiativ besøkt Ribe og vore i kontakt med venskapsbymiljøet der. Ribe har ei venskapsbyforeining som er aktiv, med eit styre og om lag 120 medlemer. Dei har sju vennskapsbyar/kommunar i fleire land. Ribe er interessert i å ta opp att kontakt og føre vidare samarbeidet med Leikanger. Dei har også kontakt med Strängnäs som det går fram av reisebrevet.
Bjørn Sølsnes har teke kontakt med Systrond Sogelag og Opplev Leikanger. Styra i Sogelaget og Opplev Leikanger har sagt seg interessert i å fornye kontakten med dei to tidlegare vennskapsbyane/kommunane. Sølsnes er styremedlem i Sogelaget og styret har nemnt han opp som sin kontaktperson for eventuelt vidare arbeid. Styret i Opplev Leikanger har drøfta saka og vedtok å finansiere reise for ei gruppe på tre som skulle besøke Ribe og utforske grunnlaget for eventuelt vidare samarbeid.
Før avreise hadde gruppa kontakt med og informerte politisk og administrativ leiing i Sogndal kommune om turen og initiativet. Kommunen signaliserte ikkje noko forplikting til eventuell framtidig medverknad. Gruppa fekk likevel fullmakt til å helse frå Sogndal kommune.
Reisedagboka vår
Avreisa gjekk frå Leikanger på fredag den 13. oktober ca. kl. 18. Dårleg ver medførte ein avlyst ferjeavgang frå Larvik, som vi hadde tenkt å vere med. Så då måtte vi køyre bil heile vegen. Det vart drygt 1200 km og nesten 19 timar i Bjørn sin doning. Einaste ferjestrekninga vart Mannheller-Fodnes. Det var ein lang biltur!
Laurdagsnatta og føremiddagen var transportetappe gjennom Noreg, Sverige og Danmark. Framme i Ribe ca. kl. 13 vart vi tatt i mot av formand Ruth Christensen og næstformand Edit Schmidt og vart innkvartert på Danhostel Ribe (Gunn Helen og Knut Henning) og privat (Bjørn).
Vi rakk å kvile pittelitt, før programmet starta kl. 17, med felles velkomstmøte for mange danskar, sju svenskar og tre nordmenn i Det gamle Rådhus i Ribe. I tillegg til Venskapsbyforeningen i Ribe, vart vi også ønskt velkomne av Karen Sandrini, representant for byrådet i Esbjerg. Vi overleverte gåver til dei to venskapsbyane våre. Begge fekk kvart sitt norske flagg, og så hadde vi med jus frå Henjatunet.
Kvelden vart avslutta med kveldsmåltid heime hjå dei danske vertsfamiliane. Bjørn hjå Edit og Anton, og Gunn Helen og Knut Henning i lag med svenske Anita hjå Ruth og Kurt. Deilig mat og drikke, god stemning og god prat på tvers av landegrensene.
Søndagen vart innleidd med gudsteneste i Ribe Domkirke kl. 10. Sjølvaste biskopen, Elof Vestergaard, held messe, og Det danske Pigekor song. Biskopen helsa spesielt til besøket frå Leikanger og Strängnäs frå talarstolen.
Etter gudstenesta var det tid for byvandring. Vi vart guida av Richard Kvernø (æresmedlem og tidlegare leiar i Ribe venskaps-byforening) i både domkyrkja og «den smukke» Sct. Catharinæ-kyrkja og klosteret attmed. Vi var også innom museet som viste utgravingar og murar frå ei tidlegare kyrkje attmed domkyrkja. Og i Ribe er det slik at alle opne portrom betyr at eigarane tillet folk å komme inn og sjå i bakgarden, så det gjorde vi.
Byvandringa vart avslutta med lett lunsj i Det gamle Rådhus kl. 12.30, der Peter Neidhardt orienterte om oppbygginga og aktivitetane i Ribe Vikingecenter like utanfor byen, og om Vadehavscentret som vi skal besøke neste dag. Det vart også høve til å sjå seg om i resten av rådhuset, der venskapsbyforeninga sine gamle lokale no var blitt eit museum for komponisten Rued Langgaard, og der den gamle kommunestyresalen sitt ærverdige eikemøblement framleis stod klart til bruk i spesielle høve.
Vi hadde fri i byen eit par timar på eiga hand, fram til programmet for Ribes kulturnat starta opp. Kulturnatta med tema «Guld eller Grønne skove» starta på ettermiddagen og hadde eit tettpakka program med arrangement over heile byen.
Konsert i domkyrkja med Det danske Pigekor kl. 16.30.
Vandring i byen i halvtimen vi hadde ledig før middag. Vi vandra inn i bakgårder og smau, og langs havna mot elva Ribe, der ein «stormflostolpe» viste tidlegare tiders rekord-overfløymingar.
Middag og prat på Quedens Gaard kl. 18.
Etter maten deltok vi gruppevis på arrangementa i Ribes Kulturnat frå kl. 19. På grunn av vått, surt og kaldt vér, vart det innearrangementa som frista mest. Vi deltok på
-storbandskonsert med Big Band Ribe
-mannskorkonsert med Ribe Mandskor, der Bjørn knytta kontaktar for ei eventuelt framtidig vitjing til Leikanger
-jazzkonsert med ÆT/ER i domkyrkja, som då var stemningsfylt lyssett og stod fram i heilt anna lys enn tidlegare på dagen.
Måndagen var det avreise kl. 9.30 for ein liten halvtimes biltur gjennom Ribe sitt omland og til besøk kl. 10 på Vadehavssenteret i Vester Vedsted. Senteret er besøkssenter for UNESCO verdensarv og Danmark sin største nasjonalpark Vadehavet. Vadehavet er eit enormt grunt- og våtmarksområde med stor verdi for vadefuglar. I senteret var det ei rekkje utstillingar, aktivitetar og ein film som belyser området både natur- og kulturhistorisk, og viste korleis vasstanden endra seg med vind og ver og stundom gir øydeleggjande stormflo langt innover det flate landskapet.
Etter å ha gått gjennom alle utstillingane reiste vi ein kort tur ut til sjølve Vadehavet. Det er her ein får inntrykk av kor flatt det er, og kor viktige dika som vernar landet innanfor er. Også her var det ein «stormflostolpe», som viste høgda for dei same katastrofale stormfloene som stolpen inne i Ribe.
På returen til Ribe stoppa vi som snarast ved Ribe VikingeCenter. Senteret har rekonstruert vikingbygningar frå 1300 år tilbake, og formidlar historien om daglegliv, handel, gardsdrift m.m. frå vikingtida.
Ekte dansk frokost (altså lunsj) vart inntatt heime hjå vertsfamiliar. Bjørn hjå Ruth og Kurt, og Gunn Helen og Knut Henning i lag med svenske Birgitta og Olle hjå Ingrid og Lars. Etter maten spaserte Gunn Helen og Knut Henning bort til Ruth og Kurt, for ein prat om vegen vidare for venskapsbysamarbeidet.
Så gjekk turen vidare til Edit og Anton, der vi møtte Karen Margrethe Kyster som hadde vore på leirskuleutveksling til Leikanger i ca. 1967. Ho hadde så gode minne frå turen at det har blitt årlege norgesbesøk i vaksen alder, anten på ski om vinteren eller vandreturar om sommaren.
Festmiddag med avskjedshelsingar og musikalsk underhaldning og allsong frå den danske «Højskolesangbogen» vart halden i Søpavillonen ved Storkesøen kl. 18. Menyen bestod elles av ekte dansk «flæskesteg», med rødkål og «hvite og brune kartofler», ein festrett som er vanleg i jula. Dejlig!
Heimreise: På tysdags morgon frakta Bjørn Gunn Helen og Knut Henning til Billund og dei tok fly via Oslo til Sogndal. Bjørn tok nokre feriedagar i Danmark før retur til Sogn via ferje og landevegen.
Mediaklipp
Intervju med Sogn Avis før avreise resulterte i ein fin artikkel (betalingsmur):
https://www.sognavis.no/til-ribe-for-a-gjenreisa-nordisk-samhald-dette-er-leikanger-si-sak/s/5-115-1058121
Danskane hadde denne artikkelen i si lokalavis:
https://rykindribe.dk/artikler/nordisk-traef-i-venskabsbyforeningen-i-ribe/
Vegen vidare?
Undervegs i besøket hadde vi fleire uformelle samtalar om vidare samarbeid. Det er klårt eit positivt utgangspunkt for interesse både i Ribe og i Strängnäs. Ribe er mest aktive og engasjerte. Det er ikkje bestemt noko om korleis eit meir formelt framtidig samarbeid skal gjennomførast. Det blir ei oppgåve vi må ta fatt på saman.
Framtidig samarbeid er verdfullt. Situasjonen internasjonalt inviterer til å utvikle samarbeid både her heime, i Norden, i Europa og i resten av verda. Vi har eit gamalt samarbeid som er verdfullt og som Leikanger og Sogndal kommune bør utnytte og føre vidare. Dette bør vi arbeide vidare med i dei samanhengar, lag og organisasjonar m.v. som det er naturleg å nytte. Sogndal kommune bør engasjerast og inviterast til å medverke.
Nokre spørsmål vi må ta stilling til
Korleis skal vi ta dette vidare for å få med oss heile Systrondbygda, og få ein eigarskap i våre frivillige lag og organisasjonar, i skulen, kommunen m.fl. til desse venskapsbanda?
Er kommunen med på laget?
Skal Opplev Leikanger ta på seg rolla som «venskapsbyforening» og halde kontakten ved like med dei to venskapsbyane som Leikanger har?
Skal vi arrangere noko form for gjenbesøk til Leikanger? Når kan det i så fall verte aktuelt?