Både hovudstyret og varamedlemene til Opplev Leikanger har dei siste åra hatt god kontinuitet. Under årsmøte den 23. februar vart det eit par utskiftingar. Leif Inge Husabø gjekk inn i hovudstyret for Astri Knudsen og Janne Borlaug kom inn som varamedlem til erstatning for Tone Oppedal.
Heile hovudstyret samla på konstituerande møte den 5. mars; fv. Roar Werner Vangsnes, Birgitte Loftesnes Røysum, Emilie Pellegrino, Hildegunn Hamre, Gunn Helen Henne, Arnt Ola Fidjestøl og Leif Inge Husabø.
Roar Werner Vangsnes held fram som styreleiar i eitt år, og har desse med seg i hovudstyret; Hildegunn Hamre, Emilie Pellegrino, Birgitte Loftesnes Røysum, Gunn Helen Henne, Arnt Ola Fidjestøl og Leif Inge Husabø. Som varamedlemer i 2020 stiller Jack Eggum, Tobias Dahle og Janne Borlaug.
Vi oppfordrar både å ta kontakt med oss og vi treng alltid nye støttemedlemer 😊