Årets første dugnad i Pilaviki: lørdag 21. mars kl. 10
No er tida komen for å gå hardare til verks i krattskogen i Pilaviki!
Pilaviki. Foto: Gunn Helen Henne
Tid og stad: Oppmøte i Pilaviki kl. 10 på laurdag 21. mars.
Plan for dagen:
Motorsagarbeid med å felle tre og kratt - berre utvalde personar som vi har avtalt med på førehand
Få rydda vekk felte tre og kratt på hengar og køyre på Kvålen. Vi har lånt ein hengar, men fint om nokon fleire også har ein dei kan ta med?
Få flytta haugen med rekved vekk frå kabel
Plukke boss og rekved i fjøra. Det er flo ca. kl. 12, så fjøra er ikkje så tilgjengeleg for rydding, men vi ser kva vi kan få rydda.
Rydde vidare i skråninga
…og anna som vi ser trengs når vi er der
Ta gjerne med deg ei trillebår, hagesaks/sag, rive, bøtte og hanskar, eller noko anna lurt utstyr!
Og uansett skal vi ha det kjekt undervegs. Dersom det er nokon som kunne tenke seg å hjelpe til med litt kaffikos til dugnadsgjengen, så blir vi takksame for det!
Meld gjerne frå til oss på førehand på OpplevLeikanger@gmail.com eller på ein SMS til Gunn Helen (99 44 74 85) eller Trude (48 16 82 87). Det er ikkje nødvendig med “påmelding”, men likevel er det fint om vi kunne fått ein peikepinn på om vi blir mange.
Sjåast i Pilaviki!
Sjå også samlesida vår om Pilaviki.