Prosjekt Pilaviki
Pilaviki har historisk kanskje vore den viktigaste badeplassen i sentrum av Leikanger. Badeplassen har dei siste åra grodd til og vorte mindre brukt av ålmenta. Mange har peikt på dette området som ein stad som ein ønskjer å nytte meir. I 2025 har Opplev Leikanger teke initiativ til å få rusta opp att Pilaviki til den perla den fortener å vere, både som badeplass og sosial møteplass.
Pilaviki i mars 2025. Foto: Gunn Helen Henne.
Kontaktpersonar
Innspel, forslag og anna er hjarteleg velkomne på e-post til opplevleikanger@gmail.com
Eller ta direkte kontakt med:
Gunn Helen Henne, +47 9944 7485
Trude Risnes, +47 4816 8287
Søknader om støtte
Våren 2025
Sommaren 2025
Nytt om prosjektet, datoar for neste dugnadar m.m.
Vi har feriepause for organiserte dugnader fram til uti august. Det er likevel fritt fram for dei som vil rydde og stelle litt på eiga hand - men ikkje gå laus på tre og buskar utan å vite sikkert kva planen vår er for kva som skal stå att!
Takk!
Takk til alle gode støttespelarar som deltar på dugnad, låner oss utstyr eller støttar med pengar - vi er kjempeglade for det!
Så langt har vi fått støtte på 50 000 kr frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og 25 000 kr frå Sparebanken Norge.