Første dugnad i Pilaviki: torsdag 22. mai kl. 18

Ting tar tid! Men no er det klart for første dugnaden i Pilaviki! Vi lyt vente med å gå hardt til verks i krattskogen, for no skal fuglane ha fred til hekking inni der. Men det er plenty anna å ta fatt på!

 

Pilaviki. Foto: Gunn Helen Henne

 

Tid og stad: Oppmøte i Pilaviki kl. 18 på torsdag 22. mai.

Planen for denne første økta blir å

  • rydde rekved

  • rydde bos

  • rydde tang i fjøra

  • klippe gras

  • …og anna som vi ser trengs når vi er der

Men som sagt må tre og kratt få vente til ein seinare dugnad.

Ta for eksempel med deg ei rive, bøtte og hanskar, eller noko anna lurt utstyr, så går vi i gang! Og uansett skal vi ha det kjekt undervegs.

Meld gjerne frå til oss på førehand på OpplevLeikanger@gmail.com eller på ein SMS til Gunn Helen (99 44 74 85) eller Trude (48 16 82 87). Det er ikkje nødvendig med “påmelding”, men likevel er det fint om vi kunne fått ein peikepinn på om vi blir mange. Og dersom det er nokon som kunne tenke seg å hjelpe til med litt kaffikos til dugnadsgjengen, så blir vi takksame for det!

Sjåast i Pilaviki!

Forrige
Forrige

Vårsprellen 2025

Neste
Neste

Stort engasjement for Pilaviki