Stort engasjement for Pilaviki
Oppmøtet var godt og det kom opp mange gode idear og innspel frå bygda på orienteringsmøtet om opprusting av badeplassen i Pilaviki. Men det er ikkje for seint å spele inn endå fleire gode idear og ønskje for området, eller melde si interesse for å delta i prosjektet. Interesserte kan ta kontakt med Opplev Leikanger.
Pilaviki. Foto: Gunn Helen Henne
Godt oppmøte
Budleregn og konkurranse med andre arrangement til tross, over 20 møtte opp på møtet i Pilaviki/Statens Hus den 10. april. Om lag halvparten på vegne av lag og organisasjonar, og halvparten som privatpersonar.
Etter ei orientering om Prosjekt Pilaviki frå Opplev Leikanger kom det mange gode spørsmål og innspel frå salen. Både om ting vi har tenkt på, men også fleire nye ønskje for området og fleire ordningar som prosjektet bør søke støtte frå. Vi tek med oss alt dette vidare!
Vi går vidare med ei arbeidsgruppe
Vi ønskjer deltaking i ei arbeidsgruppe frå fleire lag, organisasjoner eller privatpersonar som vil vere med på å organisere gjennomføringa utover i 2025.
Steg 1 - rydding
Uansett korleis det blir med finansiering, og korleis detaljplanane for alt vi vil gjere kjem til å sjå ut, så må området ryddast for å komme i gang. Vi har foreslått nokre dugnadsdatoar utover våren, og kjem tilbake med meir informasjon opp mot desse:
veke 18 - tysdag 29. april?
veke 21 - torsdag 22. eller helga 24-25. mai?
veke 24 - helga 14-15. juni?
sommarferie/august?
Datoane kan bli endra, dersom vi får forslag om andre datoar som passar betre.
Dugnadane er også tenkt som kjekke, sosiale møteplassar, så det blir ikkje berre jobbing! :)
Vil du vere med, så heng på!
Vil du vere med i arbeidsgruppa, eller vil du jobbe dugnad, eller steike vaflar og koke kaffi til dei som deltar på dugnad, eller vil du berre følge med på informasjon om det som skjer - ja, så sei frå til oss om det. Vi kjem til å informere om det som skjer i prosjektet på nettsida til Opplev Leikanger og Facebook, og også direkte på epost til dei som er interessert i det.
Så send oss ein epost, eller ta direkte kontakt med Gunn Helen Henne eller Trude Risnes for å melde di interesse.