To dugnadar i Pilaviki denne veka
Vi deler opp i to dugnadsøkter denne veka: onsdag 11. juni kl. 18 og søndag 15. juni kl 17. Kom og bli med på den som passar best for deg, eller begge!
Pilaviki etter dugnadsinnsatsen 22. mai 2025. Foto: Gunn Helen Henne
Tid og stad: Oppmøte i Pilaviki kl. 18 på onsdag 11. juni, og/eller kl. 17 på søndag 15. juni.
Vi held fram med å
rydde rekved
rydde bos
rydde tang i fjøra
klippe gras
…og anna som vi ser trengs når vi er der
Tre og kratt lyt framleis vente av omsyn til fuglane.
Ta for eksempel med deg ei rive, bøtte og hanskar, eller noko anna lurt utstyr, så går vi i gang! Og uansett skal vi ha det kjekt undervegs.
Meld gjerne frå til oss på førehand på OpplevLeikanger@gmail.com eller på ein SMS til Gunn Helen (99 44 74 85) eller Trude (48 16 82 87). Det er ikkje nødvendig med “påmelding”, men likevel er det fint om vi kunne fått ein peikepinn på om vi blir mange. Og dersom det er nokon som kunne tenke seg å hjelpe til med litt kaffikos til dugnadsgjengen, så blir vi takksame for det!
Sjåast i Pilaviki!
Status på prosjektet elles
Vi har fått nokre svar på søknaden vår om støtte. Olav Thon Stiftelsen og Handelens Miljøfond hadde ikkje noko å gi oss. Men Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har støtta prosjektet med 50 000 kr - hurra for det!
Vi har kjøpt inn nokre nye rastebord frå Sogndal vgs, og dei kjem snart på plass!
Alt av nytt om stort og smått som skjer blir samla på denne sida vår: Prosjekt Pilaviki