Velkomen til jonsokfest

Opplev Leikanger ynskjer i samarbeid med Hero heile bygda hjarteleg velkomen til felles jonsokfeiring på Nokkaneset på mandag 23. juni frå kl. 16.30

Eit tidlegare jonsokbål på Nokkaneset. Foto: Roar Werner Vangsnes

Tradisjonen tru, det blir midtsommarfest for å feire jonsok på Nokkaneset i år også!

 

Program

  • Jonsokbrurepar frå barnehagane

  • Underhaldning og leikar

  • Grilling og sal av kaffi, kaker, is og brus

  • Jonsokbål

 

Good Time Charlie

Good Time Charlie spelar opp til ein times jubel-blues før bålet blir tent - til glede både for små og store

Good Time Charlie gler seg til å underhalda på Nokkaneset og vera med på jonsokfeiringa i Systrondsbygdi 2025. Foto: Good Time Charlie

Arrangementet er gratis og ope for alle

Hjarteleg velkomen alle saman! 😊

Neste
Neste

Sommarkonsert søndag 15. juni