Ny dugnad i Pilaviki tysdag denne veka

Kort varsel, men vi går for ei dugnadsøkt denne veka også: tysdag 1. juli kl. 17. Kom og bli med!

 

Pilaviki etter dugnadsinnsatsen 11. juni 2025. Foto: Gunn Helen Henne

 

Tid og stad: Oppmøte i Pilaviki kl. 17 på tysdag 1. juli.

Vi held fram med å

  • rydde bos og hageavfall

  • fjerne/rydde kratt (NB - nokre tre og buskar skal få stå att, sjekk først!)

  • klippe gras

  • …og anna som vi ser trengs når vi er der

Det er flo, så vi får ikkje gjort så mykje i fjøra denne gongen.

Ta med deg passande utstyr, så går vi i gang! Og uansett skal vi ha det kjekt undervegs.

Dersom det er nokon som kunne tenke seg å hjelpe til med litt kaffikos til dugnadsgjengen, så blir vi takksame for det!

Sjåast i Pilaviki!

 

Status på prosjektet sidan sist

Vi har fått 25 000 kr i prosjektmidlar frå Sparebanken Norge til prosjektet vårt - hurra for det!

Dei nye rasteborda frå Sogndal vgs er komne på plass!

Alt av nytt om stort og smått som skjer blir samla på denne sida vår: Prosjekt Pilaviki

Neste
Neste

Velkomen til jonsokfest