Kven kjem til torgs i 2025?
Her presenterer vi torghandlarane som kjem på marknaden på Fruktbare dagar, laurdag 4. oktober.
Og i år er rekkefølgja frå Å til A.
Foto: Mona Øksdal
Øksdalsyssel - Mona Øksdal
Produkt: Hekla babyprodukt og pynt, øyredobbar, nøklahankar og handlenett med dialektord og div, strikketilbehør m.m.
Eksempel på produkta finn du på Facebook-sida hennar
Foto: Vuggebaby
Vuggebaby
Nettbutikken Vuggebaby frå Lærdal har eit handplukka sortiment av trygge, funksjonelle og personlege barneprodukt. Fra myke, økologiske klær til smarte søvnprodukter og pedagogiske leker – hvert produkt er valgt med kunnskap og ekspertise.
Produkt: personlige baby- og barneprodukter med det lille ekstra.
Meir info på vuggebaby.no
Foto: Vikja
Vikja
Produkt: Lammekjøtvarer og skinn - økologisk.
Foto: Veitastrond Gardsysteri
Veitastrond Gardsysteri
Veitastrond Gardsysteri held til på Veitastrond i Luster, og lagar geitost frå eiga mjølk.
Produkt: brun geitost, kardemommeost og prim.
Meir info på veitastrondgardsysteri.no og på Facebook-sida deira.
Foto: Undredal Stølsysteri
Undredal Stølsysteri
Ostane er laga av fersk, rå mjølk frå våre eigne geiter. Me ystar mjølka frå kvelden før og same morgon og mjølka går rett i ystekjelen utan varmebehandling. Sidan me lagar både brunost og kvitost går ingen del av mjølka tapt. Mjølk inn – ost ut!
Produkt: kvit og brun geitost, og spekepølse av geit
Meir info på undredalsost.no og på Facebooksida deira.
Foto: Cecilie Sørlie
Tupperware - Cecilie Sørlie
Cecilie Sørlie kjem med Tupperware-produkt.
Ho har også ei Facebook-gruppe med lagersalg av Tupperware, og kan nås på telefonnr. 95 779 779 for bestilling andre dagar enn marknadslaurdagen.
Foto: Stine Steig
Foto: T&D Bakeri
T&D Bakeri
Daniela og Teofil på T&D Bakeri på Kaupanger lar tradisjon møte kreativitet, og tilbyr heimelaga produkt laga frå grunnen av, med fokus på høg kvalitet og unike smakar.
Produkt: heimelaga bakverk
Meir info på tdbakeri.no
Foto: Synnøve Fretheim
Synnøve Fretheim
Synnøve frå Årdal kan kunsten å bake lefser!
Produkt: Sunnfjordlefse og lefsekling.
Foto: Salah Khaled
Sognahonning - Salah Khaled
Salah Khaled kjem med honning frå Sogndal.
Produkt: honning
Foto: Skjerdal Stølsysteri
Skjerdal Stølsysteri
Anne Karin Hatling og Harald Skjerdal driv allsidig økologisk landbruk med husdyr og litt frukt på garden Skjerdal. Garden ligg på ei fjellhylle med oversyn over Aurlandsfjorden og inn til Flåm. Geitene er hovednæringa på garden.
Produkt: Kvit og brun geitost, spekepølse av geit, eplesaft, kjeskinn
Meir info på skjerdal.com
Foto: Rosa sløyfe-aksjonen
Rosa sløyfe-aksjonen
Rosa sløyfe er ei internasjonal folkerørsle som vert markert over heile verda i oktober kvart år. I Noreg er det Brystkreftforeningen og Kreftforeningen som står bak aksjonen. Målet med aksjonen er å vise solidaritet med brystkreftramma, spreie informasjon og auke kunnskapen om brystkreft, i tillegg til å støtte livsviktig forsking på brystkreft. Vi håpar du vert med oss å farge Noreg ROSA i oktober!
Produkt: Rosa sløyfe-artiklar som pin 2025, løpebelte, hårstrikkar, armband m.m.
Meir info på rosasloyfe.no
Foto: Njøsagarden Kvaole
Njøsagarden Kvaole
På Njøsagarden Kvaole i Sogndal har Jostein og Jorunn Kvåle glade geiter som produserer skinn, ull og kjøt av beste kvalitet.
Produkt: Geiteskinn og kasjmirgarn, spekepølse av geit.
Meir info på kvaole.com
Njøs frukt- og bærsenter
Njøs frukt- og bærsenter er nasjonalt foredlingssenter for norske frukt- og bærsortar,
Produkt: eplejus.
Meir info på njos.no og på Facebook-sida deira.
May Britt Starheim
Produkt: sy- og strikkeprodukt
Foto: Marås Hjort
Marås Hjort
Siv Merete og Knut Marås driv hjortefarm i Mørkridsdalen, der dei produserer snaddermat av ekte lustrahjort.
Produkt: Spekepølse, hjortekarbonadar og andre kjøttprodukter av hjort
Meir info på maraashjort.no
Foto: Lærdal Torg
Lærdal Torg
Ernesto Labarca frå Lærdal Torg kjem med bilen full av poteter og mange slags grønsaker. Her får du som alltid gode og fine poteter m.m. som kan lagrast utover vinteren!
Produkt: Grønsaker og poteter.
Foto: Leikanger Ungdomslag
Leikanger Ungdomslag
Ungdomslaget stiller opp med kaffi og allslags deilig kaffimat!
Meir info på Facebook-sida deira
Leikanger Jakt- og Fiskelag
Gratis smaksprøver av grilla fisk og vilt
Meir info på njff.no/sogn-og-fjordane/leikanger og på Facebook-sida deira
Foto: Keipen Lokalmat
Keipen Lokalmat
Røyking av laks har lange tradisjonar her i Sogn. Menes-laksen blir laga på gamlemåten, med tørrsalting før den vert kaldrøykt - og slik blir det ein god balanse mellom det reine, salte og røykte. Visste du at det tek over hundre timar å lage røykelaksen me sel?
Produkt: Menes røykelaks.
Meir info på Facebook-sida deira
Iryna Sapunova
Produkt: hodepryd, vesker, shopper, ansiktsmaling
Foto: Henjatunet
Henjatunet Eggjagarden
Produkt: Eplesaft av eigne eple.
Handarbeidslaget Sans og Samling
Handarbeidslaget Sans og Samling lagar heimelaga klede, tilbehøyr, dekorasjonar, leiker og anna.
Produkt: husflid
Meir info på Facebook-sida deira.
Foto: Gullbia
Gullbia - Heidi Eiken og Anne Sigrid Skjerdal
Heidi og Anne Sigrid sine bier lagar deilig honning frå lokale frukthagar på Gjerde, Grinde, Fosshaga, Halland, Lomelde og Lunden.
Heidi har også med seg kvite og farga lammeskinn frå sauene på Grinde.
Produkt: Honning og lammeskinn.
Meir info på gullbia.no
Foto: Frk. Engsbråten
Frk. Engsbråten
Frk.Engsbråten kjem med masse handlaga Munngodt!
Produkt: handlaga godteri og sukkerspinn
Meir info på frkengsbraten.no og på Facebook-sida hennar
Elevbedrift 3
Produkt: fritert kylling
Elevbedrift 2 - Eili, Leah, Linnea, Sara og Åsa
Produkt: karamelliserte eple
Elevbedrift 1 - Søtt og Godt
Produkt: bakst
Eggjane Gard - Dag Ove Eggum
Biene flyg på Hamre, Fosshagen og Fosse og på blomsterengene på Eggja, og sankar nektar frå ei mengd ulike blomar. Dette er sommarhonning av beste sort!
Produkt: Honning
Foto: Dalsgarden
Dalsgarden - Magne Opthun
Aud Torun Strømseng og Magne Opthun kjem med knallgode eple og eplemost produsert lokalt på Dalsgarden.
Produkt: Eple og eplemost.
Foto: Borgund Chili
Borgund Chili
To brør frå Borgund sørger for saus til folket!
Produkt: Chilisaus
Meir info på borgundchili.no
Arlene Singdahlsen
Produkt: pynteting og handarbeid
Foto: Alm Gard
Almgard Is
Laurien Geerse og Guus Morel kjem over fjorden frå Feios og har med seg økologisk is, honning og økologiske ostar.
Produkt: Ost, is og honning
Meir info på frå almgardiskrem.no