Program for Fruktbare dagar 2025
Velkomen til ei fruktbar langhelg på Leikanger frå torsdag 2. til søndag 5. oktober!
OBS: programmet blir oppdatert med siste nytt/endringar heilt inn mot festivalstart.
Torsdag 2. oktober
Fredag 3. oktober
Laurdag 4. oktober
Søndag 5. oktober
Torgseljarar, utstillarar og aktivitetar
Takk til dei gode sponsorane våre!
Torsdag 2. oktober
Den store eplekassen frå Sogn Frukt og Grønt kjem på plass utanfor Saften, med gratis smak av lokale eple til alle
Haustkunst frå barnehagane og barneskulen pyntar opp på Leikanger sjukeheim
Opning av kunstutstilling med Åge Stenset i Villmarka-låven
Fredag 3. oktober
Kom, høyr, sjå og smak kva som skjer på Njøs frukt- og bærsenter kl. 15.30-16.30
Opning av kunstutstilling i Skald sine lokale på Gamlehotellet
Kunstutstilling med Åge Stenset - Villmarka
Laurdag 4. oktober
TORGDAG i sentrum med marknad og aktivitetar heile dagen.
Merk at marknaden i år (pga. ombygginga i Saften) er på ny stad: Fylkeshuset i Askedalen 2.
Det er gode parkeringingsmoglegheiter rundtom ved dei nærliggande offentlege bygga (vegvesenet, Statens Hus).Fruktbar frukost med gratis mat til alle i Firdasalen kl. 09-11, i samarbeid med Kiwi og Coop Prix.
Marknad kl. 10-15 med lokal frukt, mat og drikke, handverk og aktivitetar.
Sjå oversikt over torgseljarane og utstillarane våre lenger nede på sida.Trekking av Leikanger Skyttarlag sitt lotteri ca. kl. 14.
Beredskapsetatane har stand med Eliasbåten frå Redningsselskapet, snøskuter frå Leikanger Røde Kors, brannbil frå Sogn brann og redning, og ambulanse frå Ambulansetenesta.
Leikanger barneskule stiller opp med eplepressa si, og pressar frukt for dei som vil
Leikanger Jakt- og Fiskelag og Osland Genetics AS deler ut gratis smaksprøver av grilla fisk og vilt
Kunstutstillingar:
Åge Stenset - Villmarka
- Skald sine lokale i Gamlehotellet
DINNEKVELD med foredrag, musikk og dans i regi av Systrond Sogelag på Leikanger Fjordhotel kl. 19.
Søndag 5. oktober
Kunstutstilling i lokala til Skald på Gamlehotellet
Kunstutstilling med Åge Stenset i Villmarka
Gudsteneste med hausttakkefest og utdeling av 4-årsbok i Leikanger kyrkje kl. 11.
Bygdevandring med Knut Henning Grepstad frå Systrond Sogelag kl. 12.
Oppmøte: på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje.Open gard på på vin- og fruktgarden Baldervoll i Strandavegen 46
Haust på Leikanger. Foto: Gunn Helen Henne
Epledama vår er laga av Janne Nes
Haust på Leikanger. Foto: Gunn Helen Henne
Torgseljarar, utstillarar og aktivitetar
HER KJEM OVERSIKTA OVER ALLE SOM KJEM PÅ MARKNADEN - SJÅ MEIR INFO OM KVAR AV DEI PÅ DENNE SIDA
Lokalmat og drikke
Andre varer
Lag og foreiningar sine aktivitetar