Ope møte om Prosjekt Pilaviki

Pilaviki har historisk kanskje vore den viktigaste badeplassen i sentrum av Leikanger. Badeplassen er i dag tilgrodd og lite brukt av ålmenta. Mange har peikt på dette området som ein stad som ein ønskjer å nytte meir. No har Opplev Leikanger teke initiativ til å få rusta opp att Pilaviki til den perla den fortener å vere, både som badeplass og sosial møteplass.

Torsdag 10. april inviterer Opplev Leikanger heile bygda til ope møte om “Prosjekt Pilaviki”. Møt opp i Pilaviki kl 19.30 for å sjå på området, og bli med på eit ope møte etterpå inne på Statens Hus rett over vegen.

Pilaviki. Foto: Gunn Helen Henne

 

Tid og stad

Torsdag 10. april

19.30 - synfaring i Pilaviki

20.00 - ope møte i Statens Hus

Program

  • Opplev Leikanger informerer om “Prosjekt Pilaviki”

    • Bakgrunnen for initiativet

    • Prosjektet vi ser for oss

    • Søknad om støtte frå fleire tilskots- og gåvegivarar . Her ligg kopi av både prosjektomtalen og budsjettet som vi nytta i søknadene.

  • Invitasjon til samarbeid om gjennomføringa

    • Innspel frå bygda - kva meiner folk og organisasjonar om dette?

    • Prosjektgruppe som skal organisere og sørge for framdrifta

    • Frivillige frå lag og organisasjonar og privatpersonar som kan bidra med dugnadsarbeid

  • Førebels plan for gjennomføring

    • Støtte til plastrydding - vi treng å vite om vi raskt kan få med nokre barn og ungdom (for å søke støtte frå Plastdugnaden 2025/Handelens miljøfond)

    • Dugnader - vi har sett opp eit forslag til nokre datoar, men dette er lause planar og det er rom for å sette opp noko anna som passar betre for dei som vil vere med på dugnadene! Eller legge inn fleire datoar!

      • veke 18 - tysdag 29. april?

      • veke 21 - torsdag 22. eller helga 24-25. mai?

      • veke 24 - helga 14-15. juni?

      • sommarferie/august?


Vel møtt!
Vi håpar på godt oppmøte, som er heilt uforpliktande med omsyn til å ta på seg dugnadsjobbing!

Forrige
Forrige

Stort engasjement for Pilaviki

Neste
Neste

Minimarknad med lokalmat på Saften 27. mars