Fyklesmanns-garden

Fylkesmannsgarden på Nybø er ein av tre eldre embetsmannsgardar i Leikanger.

Leikanger har sidan 1862 vore embetssete for fylkesmannen i Sogn og Fjordane, då fylkesmann Falsen flytte til Leikanger.

Fylkesmann Falsen busette seg på Nybø. Året etter kjøpte staten garden til embetsgard for fylkesmannen. Heilt fram til 1939 heldt fylkesadministrasjonen til i eitt av husa i Fylkesmannsgarden. Sidan blei det flytting til Leikanger kommune sitt nybygde tinghus.

Bygningane i Fylkesmannsgarden er godt over hundre år gamle. Leikanger kommune eig garden i dag og har i fleire år nytta hovudhuset til barnehage.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Skrivareiki