Medlemsfordelar

Utleige av telt, bord og stolar

Som medlem av Opplev Leikanger kan du leige telt, bord og stolar av oss - både til lag, organisasjonar og privatpersonar. Prisane er fastsette med utgangspunkt i kostnader ved vedlikehald og utskifting av utstyr.

Utstyr Leigepris Oppbevaring
 2 partytelt 3x6 m      kr. 500,- pr. stk  Lager Saften
 1 partytelt 4x4 m  kr. 250,-  Lager Saften
 2 sals-/caféparasollar 
 kr. 200,- pr. stk  Lager Saften
 75 stolar  kr. 300,- for alle (5,- pr. stk)  Leikangerhallen
 20 bord - avlange, lys grå  kr. 300,- for alle (25 pr. stk)  Leikangerhallen
 15 bord - runde, grå  kr. 300,- for alle (25 pr. stk)  Leikangerhallen

Utleige av lydanlegg

Opplev Leikanger leiger ut eit fullverdig lydanlegg til verksemder, lag og organisasjonar i Leikanger.

Vi har også eit enklare og meir kompakt “rullekoffert”-lydanlegg som gjer nytten i dei fleste høve.

Lydutstyret er ikkje til utleige for private. Prisar ut frå kor mykje av utstyret du treng.

Ønskjer du å leige noko av utstyret vårt?

Kontakt leiar Roar W. Vangsnes (481 68 289) eller styremedlem Emilie Pellegrino (405 20 591).