Overnatting

Leikanger Fjordhotel

Leikanger Fjordhotell ligg på Leikanger, ved Leikanger kai.

Hotellet har vært eit familie-drive hotell sidan 1882. Hotellet ble kjøpt av Unike Hoteller kjeden i 2020. Hotellet har 52 rom, med tilsaman 105 senger. Spisesal, salongar og spa med nydeleg fjordutsyn og direkte utgang til hotellhagen. Eigne møtelokale tett ved hage og brygge.

Adresse: Strandavegen 1
Tlf.: 57 65 60 20
E-post: leikangerfjordhotel@unikehoteller.no
Nettside: www.leikangerfjordhotel.no


Sognefjord Hotell

Sognefjord Hotell er eit hotell med stolte serveringstradisjonar.

Hotellet ligg ved fjorden på Hermansverk, med kort avstand til butikkar, kafear og offentlege verksemder lokaliserte i sentrum. Hotellet har 55 rom og tilsaman 105 senger. Møterom og konferansesal. Uteområdet strekkjer seg over mykje av naturperla Nokkaneset.

Adresse: Sognefjordvegen 20
Tlf.: 57 65 11 00
E-post: post@sognefjordhotel.no
Nettside: www.sognefjordhotel.no


Systrond Motell, Hyttesenter og Camping

Systrond Motell, Hyttesenter og Camping er ein mindre campingplass mellom frodige frukthagar på Husabø, den historiske kongsgarden frå vikingtida.

Plassen har hytter og motellrom av ulik storleik og standard, tilrettelagde plassar for campingvogn, bubil og telt, samt ei båt- og badebrygge der ein kan låne robåt og kajakkar.

Adresse: Husabøvegen 16
Tlf.: +47 91819912
E-post: post@systrondcamping.no
Nettside: https://systrondcamping.no/

Forrige
Forrige

Mat & drikke