Turar sommar

utsikt-leikanger.jpg

Opp på fjedla

Er du blant dei som berre må heilt opp? I Leikanger har vi fleire 1000-metertoppar som byr deg utsikt over eit fantastisk fjord- og fjellandskap!

 

  • Lusaskard (1004 moh)

Start Njøsadalen: Start turen som skildra i tur til Skagasete. Frå stølen Skagasete går stien rett nord og oppover bjørkeskogen til Skagasete, 868 moh. Stien går vidare innover fjellet og til varden på Lusaskard (1004 moh). Her har Syril lagt ut trimbok.

Heimturen kan gå etter same ruta, eller via Hottadalen. Merk at stykkjet frå Lusaskard og til Hottadalen ikkje er merka sti. Ønskjer du ein lengre tur, går du vidare til Fjærlandssete. Følg då stien vidare slakt nedover til Fjærlandssetevatnet. Herifrå er det fleire alternative ruter heimatt. Ruta via Tuftahaug er truleg den best merkte. Her møter du nybygd skogsveg ned heile Njøsadalen. Ei anna rute går via stølen Hottadalen og på sti til snuplassen øvst i Njøsadalen. Deretter skogsveg/køyreveg.

 

  • Mælen (976 moh)

Start Grinde: Følg bilveg opp til Grinde, ca 6 km vest for Hermansverk. Køyr opp til siste sving på bilvegen før du kjem opp til Engjasete. Herifrå på godt synleg sti forbi stølen Orrasete, forbi Hedlesete, som er eit fint utsiktspunkt, og mot stølen Dalsbotten. Ta av mot sørvest like før stølsområdet og følg sti oppover og utover mot utsiktspunkt og varde. Syril trimbok ligg under signalmerket utom, eller litt nedom, det høgste punktet. Flott utsyn i alle himmelretningar.

 

  • Hestfjellet (1360 moh)

Start Grinde: Start turen som skildra i tur til Mælen. Gå fram til stølen Dalsbotn og hald fram på nordsida av elva ned frå Fagereivatnet. Synleg sti opp bakken og eit stykke vidare opp mot ryggen. Syril trimbok ligg i varden. Frå Hest kan turen gå vidare til Stav, over Troeggi og til Storholten. Sjå eige turforslag.

 

  • Kjeringafjellet (1314 moh)

Kjeringafjell, eller Kjeringi (1314 moh) er ein av dei høgste toppane i Leikanger. Her er også startpunktet for Kjeringi Open eller «Vaorens vildaste eventyr» som denne stafetten også blir kalla.

Start Kleppa: Den mest brukte ruta startar frå Kleppa. Fyrste biten på skogsveg opp til Øvstestølen. Forbi gamle skihytta og på godt merka sti mot stølen Stokksete. Ved bekken, ca 1 km før Stokksete, går stien opp gjennom bjørkeskogen og over skoggrensa til Rypeskard. Stien er godt synleg heile vegen. Den kryssar vassveiter fleire gonger. Frå reset etter Rypeskard tek stien av mot nordaust, over ei vassveite, forbi ein saltstein-plass og opp til Fagereggi.

Frå Fagereggi følgjer du eit sauetrakk oppover, med retning beint mot høgda der du ser ein varde på ein stor stein — ”Kjerringa-steinen”. Terrenget er steinete, men lett å gå. Frå Kjeringa-steinen opp ein skrent som er merka med små vardar og opp til ein større varde på 1259 moh. Herifrå vidare nordover, over ein tverrygg, eit lite søkk og så opp siste høgda til ”heimste varden på Kjeringafjedle”. Syril trimbok i varden. Vidt utsyn i alle retningar.
Tid tur-retur: 5 — 6 timar.

Alternativ rute gjennom Henjadalen via Sevi: Vegen innover Henjadalen er mykje brukt til rekreasjon og trening. Du kan køyre innover eit stykke og parkere ved bom. Herifrå ca 1 time å gå langs vegen inn til Flya. Ca 500 m før Flya ligg Fivelhola med trimpost. Herifrå går merka sti til venstre bratt oppover til Sevi, 793 moh. Frå Sevi kan du gå vidare opp forbi Blankavatnet og til Kjeringafjellet, 1314 moh.

(Kjelde: Boka Opptur ISBN 82-91722-47-1. Forfattar Anne Rudsengen)

 

  • Friksdalen

Start Henjadalen: Følg Henjadalsvegen inn til Flya. Herifrå tydeleg sti på venstre side av elva inn til den nedlagde stølen Nyastøl. Her svingar stien til venstre med slak stigning inn til Friksdalen. Friksdalen er nedlagt som støl, men fleire av stølshusa blir nytta som fritidshus.

Friksdalen er også kjent for dei mange hustuftene som vart registrert etter utgravingar i 1975. Fjelltuftene er datert heilt attende til jarn- og mellomalderen. Bladet ”Systrendingen» nr. 1-2.2005 har fyldig omtale av den gamle busetnaden på Svolset i Friksdalen.

Turen frå bommen i Henjadalen tek ca 3 timar. Dersom du vil gjera returen ekstra lang, kan du gå vidare eit stykke inn Friksdalen og opp til venstre til bandet mellom Kjeringafjellet og Kaldekletten. Frå bandet kan du enten gå opp på Kjeringafjellet og ned til Kleppa eller halde rett fram til Eitrebotn og ned i Grindsdalen.

 

  • Hestfjell-Stav-Troeggi-Storholten – ein av dei flottaste turane i Leikanger

Start Engjasete: Start turen slik skildra i tur til Mælen. Frå Dalsbotten går synleg sti opp til Fagereivatnet. Herifrå må du finne vegen sjølv oppover mot Hestfjellet. Ein går i nordvestleg retning i lett terreng. På Hestfjellet (1360 moh) har du vidt utsyn. Gå vidare nordover til vestre enden av Midteggi og så nordaust mot Stav (1458 moh). Frå Stav går du attende i sørvestleg retning, opp på austre enden av Troeggi med ein større varde på 1456 moh. Herifrå vidare utover langs Troeggi. Det er stupbratt ned mot Trodalen og Fjærlandsfjorden. Frå vestre enden av Troeggi ber det ned mot eit band, før det igjen går litt oppover heim mot Storholten med varde på 1024 moh.

Vidare nedover frå Storholten er fyrste stykket merkt med små vardar og ein svak sti. Så skrått over ei grasgrodd/myrlendt strekning der det ikkje er synleg sti, mot ein liten varde på stor stein i kanten av ein haug. Herifrå er det godt synleg sti vidare nedover til Rudstølen og ned til stølen Skarde på 515moh. Herifrå går det bratt ned til garden Rud, til Flete og det siste stykket ned til Hella.

(Kjelde: Boka Opptur ISBN 82-91722-47-1. Forfattar Anne Rudsengen)

 

  • Vassvarden – Storholten

Turen opp til Vassvarden på Storholten, startar på parkeringsplassen på ferjekaien Hella. Turen opp er nokså tung, med start ved fjorden og til toppen på 1024 moh. Du må rekne med å bruke 2 – 2,5 timar opp.

På Hella går du gjennom tunet til Olav Hellen og inn på gamle stiar til gardane Flete og Rud. Over husa på Rud går du gjennom enga og opp, gjennom skogen, til stølen Skarde på 515 moh. Over Skarde går du gjennom skogen opp til Daurmålhaug på 732 moh. Du er no over tregrensa og kan skimte Vassvarden på Storholten i nordleg horisont. Du held fram nordover på vestleg side av Storholtfjellet, som ligg rett sør om Storholten. Stien er rimeleg synleg og du kan speide etter små steinvardar eller små stikker i terrenget. Når du er komen opp til ca. vest for Storholtfjellet, vil du sjå varden igjen. Det er berre å sikte seg inn og gå mot han. Oppe ved varden har du ei fantastisk utsikt, spesielt mot eit ope turlandskap heilt vest i Leikanger kommune. I sørleg retning ser du mot Borlaug, Feios, Vangsnes og Vik. Dreier du mot vest, ser du Kvamsøy, Balestrand, Dragsvik, Sværefjorden og innseglinga til Fjærlandsfjorden. På ein klar dag kan du sjå langt inn i fjella.

Frå Storholten kan du velje å gå vidare, sjå til dømes turskildring motsett veg: Hestfjellet – Stav – Troegggi, Storholten.

 


Fra støl til støl

Likar du turar i skog og mark, gjennom velhalde kulturlandskap? I Leikanger finn du turstiar på kryss og tvers av dalføre, liar og fjell.

 

  • Bjørgahaug (362 m.o.h) – flott utsiktspunkt over bygda

Dette er den mest populære turen i Leikanger. Mange nyttar den som ein trimtur på ettermiddagen. I trimboka på Bjørgahaug blir det notert over 3000 namn kvart år.

Start Njøs: Den kortaste, men brattaste stien startar på Øvre Njøs, ovanfor Njøs Næringsutvikling og ved den gamle trafo-kiosken. Følg skogsvegen til «Gjedlene» og derifrå på sti. Etter grind ved hjortegjerde stig det bratt oppover. Undervegs har du fantastisk utsyn utover bygda. Godt synleg sti heile vegen opp til utsiktspunktet Bjørgahaug. Syril trimbok ligg i trimkasse.

Start Sanden: Vil du ha ein slakare tur, kan du starte frå Sanden. Parkering på rasteplassen 1 km aust for Sognefjord hotell. Kryss riksveg og start på skogsveg, like i kanten av riksvegen. Følg skogsvegen eit lite stykke før stien startar. Godt synleg sti heile vegen oppover lia og til Bjørgahaug.

 

  • Hamrestølen - lett tilgjengeleg skogstur

Start frå Kleppa: Køyreveg til Kleppa. Gå langs skogsveg forbi skihytta, med skibakke på høgre side. Etter vel 300 meter på skogsveg, ta sti til venstre, merka Eggja. Turen går i lett terreng, på god sti gjennom skogen og til Hamrestølen. Syril trimbok i trimkasse på stølshusvegg.

Start frå Eggja:  Med bil frå Leikanger til Eggja. Start turen ved traktorveg på Eggja. Stien er merka med treskilt Hamrestølen. Dette er ein kort rusletur som passar godt for små turføter. Syril trimbok i kasse på stølshusvegg.

 

  • Fadnastølen – fin nærtur til gamalt stølsområde

Start frå Njøs: Turen startar ved traktorveg 100 meter før brua over Njøsaelvi (når du kjem frå Njøsabakken). Sjå etter treskilt merka Fadnastølen.

Start frå Kvålen, ved inngangen til Njøsadalen: Følg skogsvegen oppover Njøsdalen vel 1 km. Sjå etter treskilt merka Fadnastølen. Deretter på merka sti gjennom skogen. Turbok i trekasse på bjørk like ved det skogfrie stølsområdet på vegen opp frå Njøsadalen. Merk: Du kan også følgje skogsvegen til Fadnastølen. Skogsstien kryssar over denne.

Frå Fadnastølen kan du halde fram turen, til stølen Tuftahaug og vidare til Fjærlandssete. Sjå turforslag Tuftahaug.

 

  • Hedlesete – flott utsiktspunkt mot Vangsnes og Balestrand

Start Engjasete – Grinde: Bil frå Leikanger til Grinde og Engjasete. Parkering i siste svingen før gardstunet på Engjasete. Gå gjennom grind og følg skogsveg utover. Vel 100 m etter grinda, ta av skogsvegen og gå langs godt merka sti gjennom skogen, forbi stølsområdet Orrasete og oppover mot Hedlesete. Syril trimbok i trekasse på bjørkestamme. Om du vil gå lengre, følg stien vidare til Mælen, Dalsbotn, eller til Hest.

 

  • Skagasete – godt vedlikehalde stølsområde

Start Kvålen, ved inngangen til Njøsadalen. Godt merka sti startar like etter grinda til Njøsadalsvegen (sjå etter treskilt like etter grinda). Følg stien oppover skogen og til stølen Skagasete.

Eit kortare alternativ er å køyre skogsvegen til snuplassen, vel 3 km innover Njøsadalen. Gå på skogsvegen like til stølen, eller gå turen etter dei gamle turstiane. Syril trimbok i kasse festa på skiltpåle.

 

  • Tuftahaug – inngangangsport til fjellvidder og fiskevatn

Start frå snuplass inst i Njøsadalen: Følg merka sti oppover til høgre etter brua ved snuplassen. Sjå etter treskilt merkt Tuftahaug. Stien går oppover og innover gjennom vakker blandingsskog og frodig blåbærlyng. Stien kryssar etterkvart den nybygde skogsvegen og til stølsområdet Tuftahaug. Syril trimbok ligg i kasse på påle. Retur same veg eller følg merka sti ned til Fadnastølen. Turen kan og følgje nybygd skogsveg, frå snuplass inst i Njøsadalen og nesten like til stølsområdet, til høgre for stølsvegen.

Alternativ via Fadnastølen: Start ved Kvålen og følg vegen bratt innover Njøsadalen ca 800 m. Ta av merka sti til høgre opp til Fadnastølen. Ca 200 m stigning. Herifrå tydeleg sti slakt oppover gjennom furu- og bjørkeskogen til stølen Tuftahaug.

Frå Tuftahaug kan du også gå vidare til Fjærlandssete.

 

  • Fjærlandssete

Start tur ved snuplass Njøsadalen: Start turen som skildra i turforslag Tuftahaug. Frå stølen Tuftahaug går stien over myrar og gjennom bjørkeskog nordøst til Furesete. Stien kan vera noko svak over myrane. Etter kryssing av elva ved Furesete møter du tydeleg sti over Langadrag og rett inn til Fjærlandssetevatnet.

Alternativ rute gjennom Hottadalen: Start turen ved snuplass inst i Njøsadalen: Herifrå gangbru over elva til høgre. Følg tydeleg sti opp gjennom skogen. Etter ca 800 møter du eit sti-dele. Stien vidare til Hottadalen er merka med skilt og går på venstre side av elva. Den andre stien kryssar elva og går opp til stølen Tuftahaug.

Forbi stølen Hottadalen kan stien vera litt utydeleg, men du går vidare innover dalbotnen og følgjer hamrelaga i retning mot Furesete. Eit stykke forbi Geitanipene, som du har til venstre, kan du svinge til venstre etter at du har gått eit stykke nedover, og så fylgje stien som går på venstre side av elva innover til Fjærlandssetevatnet.

Rute gjennom Henjadalen: Start turen ved bom i Henjadalen. Gå Henjadalsvegen inn til Flya. Her kryssar du elva over den nye brua og fylgjer stien på høgre side av elva innover dalen. Skogen er tett her. Etter vel 2,5 km kryssar du grovi Reisetåi. Litt lenger framme svingar stien til høgre bratt opp Reisetbakkane. Vel oppe dei bratte bakkane flatar det ut innover Osane. Her kan stien bli utydeleg på myrane. I vestre enden av Vetla Fjærlandssetevatnet kryssar du elva og finn att markert sti langs vatnet til stølen Fjærlandssete. Herifrå kan du enten gå over Lusaskard og koma ned over Skagasete til Kvålen eller du kan velje slakare ruter til Njøsadalen om Tuftahaug eller gjennom Hottadalen.

 

  • Stokksete

Start frå Skahaug på den gamle stølsvegen, eller frå Kleppa. Boka ligg i kasse på påle (attmed Raudekross-kasse) eit kort stykke før stølsområdet på vegen frå Kleppa.

 

  • Dalhjedla

Inn Henjadalen. Ta av til venstre ein snau km etter bommen. Sjå etter skilt. Kort veg opp til stølsområdet. Boka ligg i kasse på påle ved halvt nedramla uteløe.

 

  • Fivelhola

Fin joggeveg, terrengsykkelveg inn Henjadalen. Boka ligg i trekasse på stor gran.

 

  • Raumålsgrindi

Halvveges mellom Skahaug og Stokksete på den gamle stølsvegen. Boka ligg i kasse på granlegg ved grinda.

 

  • Skoparsete

Start frå forbikøyringsfeltet om lag 5 km innom Hella. Merka rute på fin gammal stølsveg opp til Skoparsete, 452 moh. Boka ligg i kasse festa på påle. Retur same veg, eller ta turen vidare mot Hella. Sjå turforslag Hella – Eitorn – Skoparsete.

 

  • Smørklett

Flott utsikt over bygda og fjorden. Gå stølsvegen frå Eggja. Ta av stølsvegen på høgaste punktet ved treskilt. Fylg merka rute herifrå til turposten. Boka ligg i liten turbok-varde.

 

  • Hella-Eitorn-Skoparsete over Kvinndøla

Start ved Hella: Flott vårtur over Kvinnafossen. Frå Hella gjennom gardstunet og oppover langs gamal gardsveg til det fråflytta småbruket Flete. Vegen til Eitorn går gjennom blandingsskog og med ein del store gamle lauvtre.Om våren vil du sjå og høyre mange fuglar på denne strekninga.

Du går forbi det gamle skulehuset i Eitorn, vidare forbi eit gardstun med nedrivne bygningar, over innmark og så gjennom skogvakse terreng opp til den øvste garden i Eitorngrenda. Stien går vidare skrått oppover til ein god utsiktsplass eit kort stykke før brua over elva Kvinna. På austsida av Kvinna veks det om våren uvanleg mykje kvitveis som elles knapt finst i Leikanger. Vidare på merkt sti til stølen Skorparsete med hustufter. Flott utsikt mot Vangsnes, Vik og utover fjorden. Ned frå Skoparsete går den gamle stølsvegen i bratt lende ned mot sjøen. Stien endar ved inste enden av forbikøyringsfeltet på riksvegen. Turen tek 3 — 4 timar.

(Kjelde: Boka Opptur ISBN 82-91722-47-1. Forfattar Anne Rudsengen)